Sprang inn pengar til Egypt

I går fekk elevane ved Danielsen ungdomsskule Frekhaug is og brus i premie.

– I dag fekk eg den store ære å overraska elevane med ein liten kvardagsfest. Anledningen var den flotte innsatsen som elevane har gjort for misjonsprosjektet vårt i Egypt og den iherdige jobbinga før heildagsprøvar. No var det på tide med is og brus, skriv ein stolt rektor på skulen si Facebookside.

Men premien kom ikkje utan kamp. I tillegg til 179,5 kilometers misjonsløp, og anna sterk innsats i vår, hadde rektor Laila Eidsheim eit siste hinder for elevane sine. Før isen vart delt ut, måtte rekna ut kor mykje is det vart på kvar med seks liter på deling.

– Litt matte måtte me lura inn:) Takk kjære elevar. Beste helsing Laila, rektor, står det vidare på «veggen»

Nedanfor kan du lese elevane sin sak om misjonsløpet:

———————-

Elevar spring for veldedigheit.

Danielsen ungdomsskule har tidlegare hatt samarbeid med opne dører og bestemte seg difor å støtte eit prosjektet i Egypt. I den opne veka, trossa elevane veret og sprang misjonsløp.

Elevane ved Danielsen ungdomsskule på Frekhaug hadde eit veldedigheitsløp fredag 19. april. Dei skaffa seg sponsorar frå bedrifter eller privatpersoner. Sponsorane betalte ein forhandsbestemt sum for kvar runde elven sprang, eller støtta med eit fast beløp. Kvar runde var ca 700 meter, og elevane fekk lov til å springe i 1,5 time.

Elevane stod på til tross for at himmelen opna seg og det kom både hagl og snø ned. Det var i alt 20 elevar og ein gymlærar som sprang. Nokre hadde kledd seg ut med kostymar  Det var både ein skotte med kilt, ein pommes frites og ein oljesjeik. Isak Hølleland fortel at det var gøy å ha misjonsløp, men litt kaldt i lengda. Han sprang til saman 16 rundar og hadde kledd seg ut som figuren Link, frå dataspelet ”Zelda”.

Etterkvart som elevane blei ferdige med løpet, gjekk dei under tak og inn i varmen. Der fekk dei kaker som nokre foreldre hadde bakt og kvikklunsj.

Hjelp til Egypt
Pengane frå innsamlinga går til eit prosjekt i Egypt. Prosjektet ”Woman Empowerment” som er retta mot kvinner og barn i Kairo, starta opp i 2011 av opne dører. Innsamlinga skal mellom anna hjelpe undertrykte kvinner og gje dei skulegang. Som om ikkje dette var motivasjon nok, blei også skulen sponsa av elkjøp i Åsane. Det innebar at den eleven som samla inn mest pengar, fekk ein Ipad mini.  Kor mykje pengar som blei samla inn totalt er enno uklart, sidan oppteljinga vil skje i løpet av veka. Beløpet vil bli offentleggjort på heimesida til skulen www.duf.no.

Skule utan bøker.
Misjonsløpet var berre ein av dei mange tinga som skjedde på Danielsen i veke 16.  Denne veka var ei annleis veke for elevane der dei la skulebøkene til side og hadde andre aktivitetar på timeplanen.

Elevane fekk presentert fire alternativ som dei skulle jobbe nærare med. Eit av tema var journalistikk. Der fekk elevane vite meir om temaet, før dei ble sett til  skrive ein avisartikkel. Det temaet som var mest populært blant jentene var blogg. Der skulle dei bl.a. skrive eit blogginnlegg og lese forskjellige bloggar. Eit anna populært tema var Minecraft, som er eit byggje-spel. Der skulle elevane byggje ein draumeskule, eller eit draumehus. Dei som  likte andre spel valte spelanmelding. Dei skulle velje eit spel dei kjente til, fortelle om det og sei si eiga meining om spelet. -Eg trur heilt klart me kan lære noko av dette, samtidig som det er morosamt, seier Daniel Sæverås Korneliussen som hadde valt spelanmeldelse.

Kokkar for ein dag
Onsdag fekk elevane prøve å lage mat og vere kokkar for ein dag. Ut frå språka dei har til vanleg, spansk og tysk, fekk dei prøva seg på matlaging frå dei to landa. Dei som hadde spansk, lage taco, medan tyskgjengen bakte tysk Apfelkuchen saman med elevar frå arbeidslivsfag.

Seinare på dagen fekk dei prøve den spanske tradisjonen, piñata. Dette blei ein suksess, og elevane koste seg med snopet som var inni etterpå.

– Det var kjekt å sjå elevene delta i en del av min kultur, seier spansklæraren Wendy Encaladea , som var nær ved å få seg nokre slag i magen frå engasjerte elevar.

Ta eigne val!
Dette var oppfordringa frå politiførstebetjent Svein Atle Hatlevik som var på besøk. Han var veldig klar på at ein må ta eigne val i livet, og ta konsekvensane av dei. Han fortalde også om mobbing på nett, ettersom elevane har hatt fokus på nettvett denne veka. Elevane syntes det var både interessant og morosamt å få besøk av ein politimann.

– Det har vore gøy med open veke sidan me har fått lært litt om andre ting enn det vi pleier å lære, seier Oliver Bastesen med eit smil.

Av: Selma Jakobsen og Verena Zimmermann

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.